Ny kommunalsjef for helse og omsorg

Gro-Anette Frøystad Voldsund er tilsett som kommunalsjef for helse- og omsorgssektoren vår.

portrett av Gro-Anett Frøystad Voldsund - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

– Sektoren går spanande tider i møte. Med det laget vi har i Herøy, skal vi løyse utfordringane saman på ein god måte, seier Voldsund.

Ho byrjar som kommunalsjef 12. juni og kjem frå stillinga som avdelingsleiar for tenestekoordinering i Herøy.

Voldsund utdanna seg først til sjukepleiar. Seinare har ho vidareutdanna seg i leiing, kommunal økonomi, offentleg rett, helsefremjande lokalsamfunn, helserett og saksbehandling.

Sidan 2000 har Voldsund arbeidd på ulike område i helse- og omsorgssektoren vår: heimeteneste, bu og habilitering, psykiatri, fagutvikling, rekruttering og saksbehandling. Dei siste seks åra har ho leia avdelinga for tenestekoordinering.

Voldsund bur på Frøystad, er gift og har tre store gutar. På fritida likar ho å gå på fjellet og å slappe av med gode tv-seriar.

Vi gratulerer så mykje med den nye stillinga!