Ny konsulent i tenestekoordinering

Klikk for stort bilete

 Elise Waade Myklebust er tilsett som konsulent i avdeling for tenestekoordinering. Ho starta i jobben måndag.

Elise er frå Gursken i Sande, men bur på Larsnes saman med sambuar og to barn.

Ho er utdanna barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda, men har i tillegg også eit år med media og kommunikasjon frå same skule. Ho har også utdanning innafor løn- og personalarbeid.

Ho har arbeidd som pedagogisk leiar i Myrsnipa barnehage i Myrvåg i to år, og kjem no frå stillinga som miljøterapeut i Sande kommune.

- Det er ein bakgrunn som vi i avdeling for tenestekoordinering meiner vil vere nyttig i arbeidet som konsulent, og som vi kan dra nytte av til tverrfagleg arbeid, kommenterer avdelingsleiar, Gro-Anette Frøystad Voldsund, engasjert.

- Eg ser veldig fram til å kome skikkeleg i gang i jobben, og å verte betre kjend med alle eg skal arbeide saman med og arbeidsoppgåvene, kommenterer Elise Waade Myklebust.

Velkomen til Herøy kommune!