Ny leiande helsesjukepleiar i Herøy kommune

Klikk for stort bilete

 Kari-Janne Ljones Kulø er tilsett som ny leiande helsesjukepleiar i Herøy kommune.

Ho startar i stillinga i løpet av september.

Kari-Janne Ljones Kulø har jobba som helsesjukepleiar sidan 2004 i Hareid, innom Herøy og siste 12 åra i Ulstein kommune. Frå 2017 har ho i tillegg vore leiar i fylkesgruppa av helsesjukepleiarar i Møre og Romsdal. 

- Eg føler meg privilegert som no har fått stilling som leiande helsesjukepleiar i Herøy, fortel ho engasjert.

Ljones Kulø bur i Ulstein kommune, er gift og har tre born. 

- I juni 2019 fullførte eg masterstudiet «Meistring og myndiggjering» ved Høgskulen i Volda. Førebygging, helse- og meistringsfremjande arbeid er viktig, spanande og krevjande, forklarar ho.

-  Eg ser fram til å vere ein del av og dra lasset saman med eit flott team i Herøy, avsluttar ho.

Velkomen til Herøy kommune!