Ny nasjonal undersøking om helse og sjukdom

Klikk for stort bilete 

 

Innbyggjarane i Møre og Romsdal fylke deltek i ny, nasjonal undersøking om helse og sjukdom.

Noreg ønskjer å redusere for tidlig død av ikkje-smittsame sjukdomar med 30 prosent innan 2030. Data frå ei ny undersøking vil gjere at helsestyresmaktene kan følgje med på utviklinga av desse sjukdomane, som kreft, kols, diabetes, og hjarte- og karsjukdomar.

- Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysisk aktivitet samt alkohol- og tobakksbruk er såkalte helseindikatorar. Dei kan fortelje korleis framtidig helse vil bli, forklarer professor Inger Torhild Gram ved Nasjonalt senter for e-helseforskning. Ho leiar arbeidet med den nye undersøkinga som skal foregå ved hjelp av mobil.

- Undersøkinga «Helse og sykdom» vil gi styresmaktene viktig informasjon på ein enkel måte slik at dei kan sette i gang tiltak som betrar folkehelsa, forklarer professoren.

Frå og med laurdag 5. oktober vil tilfeldig utvalde personar i Møre og Romsdal fylke motta ein SMS kor dei blir bedt om å svare på ei kort spørjeundersøking. Det vil ta om lag 5 minutt å svare.

- Vi håpar så mange som mogleg vel å svare. Det er vår framtidige helse det gjeld, og alle bidrag er kjempeviktige! understrekar professor Gram.

Klikk for stort bilete (Dette er ei pressemelding frå Nasjonalt senter for e-helseforskning)

Mer informasjon: https://ehealthresearch.no/helse-og-sykdom

 

 

 

 

Fakta:

  • Undersøkinga Helse og sykdom er Noregs første nasjonale undersøking som planlegg årlig digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorar. 
  • Undersøkinga rettar seg mot 11 000 kvinner og menn tilfeldig trukke ut frå Folkeregisteret. Personane er i alderen 16 til 69 år, frå heile landet, og har eit registrert mobiltelefonnummer.
  • Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.
  • Prosjektpartnere er Nasjonalt senter for e-helseforskning, Universitetssykehuset Nord-Norge, Healthcom AS og Institutt for samfunnsmedisin, UiT Norges arktiske universitet.
  • Store befolkningsundersøkingar i Norge: Kvinner og Kreft, Tromsøundersøkelsen, Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, Fylkesundersøkelsene, 40-årsundersøkelsene og Hordalandsundersøkelsen.