Ny psykolog for barn og unge

Klikk for stort bileteNy kommunepsykolog: Lisa Gottliebsen skal arbeide med barn og ungdom. Iselin Nevstad Øvrelid Lisa Gottliebsen starta i jobben som ny kommunepsykolog i Herøy kommune 1. desember.

Ho er svensk, og utdanna psykolog frå Lunds Universitet i Sverige. Spesialistutdanninga si tok ho i Kalmar i Sverige, der ho har budd dei siste seks åra saman med mann og to barn.

I Herøy kommune arbeider ho med aldersgruppa 0 – 23 år, og det er eit tett samarbeid med helsestasjon, skule, barnevern og PPT. Det passar bra for ho er psykolog med spesialfelt innan barn og unge.

Saman med Ivar Ørstavik som også er kommunepsykolog, vert dei eit godt team som skal jobbe med den generelle folkehelsa, men no skal Ivar Ørstavik arbeide meir med dei vaksne.

- Eg har allereie vore på besøk hos ein del skular saman med helsesjukepleiarane her i Herøy, og skal innom alle i løpet av kort tid for å gjere meg kjend. Eg har også vore med barnegrupper på helsestasjonen, fortel Lisa Gottliebsen som i det daglege held til i 2. etasje ved Herøy helsesenter.

Brei erfaring

Lisa Gottliebsen har god erfaring som psykolog for barn og ungdom. I Kalmar har ho jobba innanfor det som vi i Noreg kjenner som BUP, barne- og ungdomspsykiatri. I tillegg har ho hatt ei stilling ved ein stor grunnskule og ein vidaregåande skule i Kalmar. Ho har dessutan erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri.

- Arbeidet mitt handlar sjølvsagt mykje om førebygging for barn, unge og familiane deira. Det kan handle om psykisk helse, lærevanskar, samspelvanskar, foreldrestøtte, og ekstra oppfølging og tverrfagleg arbeid med barn og unge som har utviklingsvanskar knytt til blant anna ADHD, spekteret av autismediagnosar eller Tourettes, seier ho.

- Målet er å oppdage dette så tidleg som mogleg og hjelpe barna eller ungdomane på ein best mogleg måte, både heime og på skulen, forklarer ho.

Tidleg hjelp er svært viktig

Som spesialist gjer ho også mykje systemarbeid.

- I det meiner eg at eg jobbar med å finne samarbeidspartnarar, kvalitetssikrar tiltak for barna, startar prosessar som hjelper dei tidleg, og er ein viktig støttefunksjon for skulane og er tydeleg på kva dei kan og bør gjere. Det er veldig viktig å kome på bana tidleg med psykolog-hjelp, slik at får den støtta ein treng og at utfordringane ikkje utviklar seg.

- Å ha fokus på barn og ungdom si psykiske helse er naudsynt, og dette er er glad for at eg får jobbe med her i kommunen. At vi får ressursar til å gjere dette viktige arbeidet gjer at vi kan spesialisere oss som kommunepsykologar på ein annan måte enn det har vore gjort tidlegare, legg Lisa Gottliebsen til.

Skulestrukturen i Sverige er veldig lik den norske modellen, men at helse er organisert på fylkesnivå. Ikkje kommunenivå slik som her i Noreg.

- Det er vel stort sett det som er nytt for meg, men fagfeltet fungerer på same måte, seier ho.

Variert yrkesbakgrunn

Lisa er som mannen Kristian, som er tilsett som ny fastlege i kommunen, ei allsidig dame med ein variert bakgrunn. Ho har ei utdanning frå London innan dans, scenekunst og koreografi. Ho har reist mykje rundt på ulke framsyningar. Blant anna stått på scena på BIT, Bergen Internasjonale Teater.

- Eg har alltid vore veldig medviten om kropp og miljø, kroppskommunikasjon, samspel og tempo. Som psykolog dreg ein også nytte av dette. Blant anna når ein held førelesingar og skal fange merksemda til eit publikum, fortel ho.

- Då vi stifta familie hadde vi behov for meir stabilitet i kvardagen, og eg har alltid hatt veldig stor interesse for samspel mellom individ og samfunn, læring og utviklingsspørsmål. Dermed var det naturleg for meg å studere psykologi. Eg var klar for ei akademisk utdanning då. Det er eg veldig tilfreds med i dag, avsluttar den nytilsette kommunepsykologen.

Vi ønskjer henne velkomen til Herøy kommune!