"Ny" rektor ved Moltu skule

Klikk for stort bilete

 Ho er ny rektor i fast stilling frå 1. august, men jobben har ho vikariert i det siste året.

Arbeidsoppgåvene er dermed ikkje nye for Åse Bårdsnes Dypvik.

- Eg har vore vikarrektor sidan 1.oktober 2018. Moltu skule har vore ein god arbeidsplass for meg, og eg er takksam for å få fortsette der, fortel ho engasjert.

Åse er  46 år og kjem opphavleg frå Tomrefjord i Vestnes kommune. Har budd på Espeseth i Herøy i 13 år. Gift med Espen og har tre born. Har utdanning innan tekstil og kunst, i tillegg til lærarutdanning frå Høgskulen i Volda. 

- Som  pedagog og rektor er eg svært oppteken av at utvikling og læring skjer gjennom fokus på det positive og å bygge på det ein får til, både i undervisningssituasjonar og i skulen sitt utviklingsarbeid.  

- Å legge til rette for tryggleik for både elevar og tilsette er viktig for å ha gode skulekvardagar saman, der vi alle yter vårt beste. Som rektor har eg det overordna ansvaret for at elevane på Moltu skule skal lære det dei skal lære, utifrå både kommunale og nasjonale retningslinjer. Det ser eg på som ei stor oppgåve som eg er særs audmjuk til, og for å klare det er det viktig at vi på skulen i lag med heimane spelar på same lag, kommenterer ho.