Ny seksjonsleiar bu- og habilitering

Privat Beate Lyshagen har takka ja til 100 prosent fast stilling som seksjonsleiar for bu- og habilitering, seksjon B. Ho byrjar 1. mars neste år.

Den nye seksjonsleiaren er fødd og oppvaksen i Volda og var ferdig utdanna vernepleier ved Høgskulen i Bergen i 2013. Etter fullført utdanning starta ho å arbeide i bu- og habilitering i Ørsta kommune. I 2019 flytta ho til Fosnavåg.

- Hausten 2019 byrja eg å arbeide i heimetenesta i bu- og habiliteringsavdelinga i Herøy Kommune. I løpet av mi tid i bu- og habilitering har eg blitt kjent med organisasjonen, tilsette og innbyggarane i Herøy Kommune og trivast veldig godt med å arbeide i avdelinga. Då eg såg moglegheita til å søkje på ny stilling som seksjonsleiar blei eg veldig glad. Eg ser på denne stillinga som ei god muligheit for nye utfordringar, arbeidsoppgåver og utvikling. Eg gler meg veldig til å bli enda betre kjent med både brukarar og tilsette i seksjon B. Eg både trur og håper eg kjem til å bli tatt godt i mot i seksjonen og at vi saman kan skape gode arbeidsdagar for oss tilsette og gode dagar for brukarane vi yter tenester til, seier Lyshagen.

- Travel kvardag

Når Lyshagen (30) ikkje er på arbeid brukar ho det meste av tida heime med sambuar og jenta på eitt år.

- Når tida strekk til likar eg godt å både gå på tur i fjell og mark, reise på hyttetur og tilbringe tid saman med familie og venar. Men i ein travel kvardag som småbarnsmor går meste av tida mi til å få kvardagen til å gå rundt, seier Beate og vi i Herøy kommune ynskjer lukke til i den nye jobben.