Ny støttepedagog i Herøy kommune

Klikk for stort bilete

 Astrid Moen Holmgren er tilsett som ny støttepedagog i 100 % fast stilling for barnehagane frå 1. august.

Ho har fått kontorplass i 4. etasje på rådhuset, men vil nok snart vere mykje å sjå ute i barnehagane i Herøy kommune.

Astrid Moen Holmgren kjem frå Modum i Buskerud, men har no flytta til Myrvåg i Herøy.

- Det er nok sambuaren min som har lurt meg til Herøy, og vi flytta tilbake hit i sommar, fortel ho.

- Då denne stillinga vart lyst ut, såg eg at dette kunne passe meg veldig godt. Det vert veldig spanande å kome skikkeleg i gang. Det er ein jobb eg har veldig høge forventingar til, så det vert heilt klart både veldig gøy og litt skummelt, fortel ho.

Ho har bakgrunn som avdelingsleiar ved to ulike barnehagar, og har elles ein veldig variert utdannings- og yrkesbakgrunn, både innanfor kunst, pedagogikk, landbruk og då som førskulelærar.

- Som støttepedagog ser eg veldig fram til å treffe barn og vaksne i dei ulike barnehagane i tida framover, seier ho muntert.

Velkomen til Herøy kommune!