Ny styrar i Leikanger barnehage

Klikk for stort bilete

 

Oddhild Dybvik Aas er tilsett som ny styrar i Leikanger barnehage.

Oddhild Dybvik Aas frå Tjørvåg tok bachelor, førskulelærarutdanning, som det vart kalla då, ved Høgskulen i Volda. Ho starta på desentralisert utdanning i 2008 og var ferdig i 2012.

Lang fartstid i barnehage

- Eg vart oppmoda av styrar i Myrsnipa barnehage, der eg arbeidde frå 1997-2011 som assistent, om å starte på utdanninga. Det har eg ikkje angra på. Det var utrulig nyttig og lærerikt å arbeide i barnehage medan ein studerte. Teori, oppgåveskriving, refleksjonar i grupper, kom til nytte etter samlingane på høgskulen. Ein fekk «knaggar å henge på» når ein kom tilbake, og kunne vere med på å gjere barnehagekvardagen enda betre for borna, fortel ho engasjert.

 - Eg starta i Leikanger barnehage i 2011, som pedagogisk leiar, fortel ho og legg til at ho har likt seg svært godt der.

Spanande med ny rolle

Oddhild Dybvik Aas tykkjer det er spanande å tre inn i ny rolle som styrar. 

- Eg vil vidareføre det gode arbeidet som har vore gjort. Gi borna trygge rammer, hjelp til å meistre og strekke seg mot nye mål, og vite at dei vert sett og høyrde. Halde fram det viktige arbeidet med inkludering, leik og relasjonsbygging, og målet vårt: «Alle skal få vere med». Støtte personalet og bygge vidare på det gode arbeidsmiljøet vi har. Samstundes gi dei utfordringar slik at dei kjenner meistring. Då skapar vi ein enda betre barnehagekvardag, seier ho.

Vi ønskjer henne lukke til vidare med det viktige arbeidet!