Nye betalingsautomatar ved toaletta

Toaletta i parkeringshuset ved Fosnavåg Brygge har no fått nye betalingsautomatar.

Det kostar kr. 10 per besøk når ein nyttar dei offentlege toaletta/dusj.

Det er same pris som ved toalett/dusj ved bubilparkeringa i Fosnavåg park. Fasilitetane der har ope heile døgnet.

Du kan betale med kort. 

Det er hengt opp rettleiing for bruk av betalingsautomatane.

Garasja ved Fosnavåg Brygge har ope frå 08:00 - 20:00. Etter kl. 20:00 kan t.d båtfolk låne nøkkel i restauranten Fosnavåg Brygge, når dei har ope.