Nye karantenevilkår for barn og unge

Pexels.com Frå måndag 16. august vert covid-19-forskrifta endra. Det vert då endringar som gjer at barn og unge under 18 år kan unngå smittekarantene på visse vilkår.

Det er verdt å merke seg kva vilkår som må ligge til grunn for å bli unntatt frå karantenekravet:

  • Den nye endringa gjeld berre ved smittekarantene, altså når du har vore i nærkontakt med ein som er smitta av covid-19. Reglane gjeld ikkje ved innreisekarantene frå utlandet.
  • Endringa gjeld berre personar under 18 år som ikkje er husstandsmedlemmer eller øvrige nærkontaktar. Så kva er ei øvrig nærkontakt? Ein kjærast eller ein kompis som ein deler hybel med vil framleis vere ein slik "øvrig nærkontakt".
  • Unntak frå smittekarantene krev at det vert gjennomført testing med antigen hurtigtest dag 1, 3 og 5 (13 - 18 år) og dag 1 og 3-5 (13 år og under).

Kva med meg som er over 18 år, og går på vidaregåande skule eller tek høgare utdanning?

Smittesporingseininga i Herøy kommune med mandat frå kommuneoverlegen kan avgjere om personar over 18 år skal kunne teste seg i staden for å vere i smittekarantene. Dette for at også elevar ved vidaregåande skular, høgskular og universitet vert testa i staden for å bli sett i smittekarantene.

Om smittesporingstesting knytt til dei nye reglane

Smittesporingstesting skjer etter nærmare informasjon ved ein av dei to teststasjonane i Herøy kommune. Testing etter dei nye reglane for dei under 18 år vert organisert for kvart utbrot, og kvar einskild får beskjed om tid og stad for testinga.

Dersom ein hurtigtest er positiv vert du sett i isolasjon på vanleg måte. Det vert då tatt ein vanleg PCR-test i tillegg og sendt til laben i Molde.

Slik er reglane for smittesporingstesting av barn og unge?

I den nye endringa vil smittesporingstestinga av barn og unge berre gå føre seg med bruk av hurtigtestar/antigentestar fram til positiv hurtigtest ligg føre.

For personar over 13 år (ungdomsskule, vidaregåande, høgskule og universitet) blir det gjort slik:

  • Personen vert testa raskast mogleg (dag 1). Ved negativt testsvar kan då personen unntas frå smittekarantene, men må deretter ta test på dag 3 og dag 5. Ved framleis negative testsvar kan han eller ho då unntas frå smittekarantene.

For personar inntil 12 år, samt 13-åringar (barnehage og barneskule):

  • Barnet vert testa raskast mogleg (dag 1). Ved negativt testsvar kan barnet unntas frå smittekarante, men må deretter ta test på dag 3, 4 eller 5 (valfri dag). Ved framleis negative testsvar kan dei då unntas frå smittekarantene.