Nye prosjektleiarar for UFO

Klikk for stort bileteMelissa Nerland Paulsen (til venstre) og Karoline Velsvik Sivertsen. Mona Ryssevik Karoline Velsvik Sivertsen har starta i 50 % engasjementstilling fram til desember 2022, med høve til forlenging. Jobben er som prosjektleiar ved UFO (ungdomsfritidsordning). Karoline Velsvik Sivertsen skal samstundes ut i permisjon no, og dermed vert Melissa Nerland Paulsen vikar fram til 30.06.21.

Vi ønskjer dei begge lukke til med nye, viktige arbeidsoppgåver!

Les meir om UFO her.

Her får du ein presentasjon av begge to:

Karoline Velsvik Sivertsen:

Karoline Velsvik Sivertsen er frå Herøy, og har sambuar.

- Vi ventar vårt fyrste barn i januar og gler oss veldig til det, seier ho.

- Det at eg var så heldig å få jobben som prosjektleiar for UFO set eg veldig pris på! Eg gler meg til å ta fatt i arbeidet og utvikle dette vidare. I tillegg har eg vore så heldig å fått jobba på UFO sidan det starta opp i oktober. Eg her vore med og sett at tilbodet har vakse og at der er mykje potensiale. Dette er eit supert tilbod for ungdomen og eg håpar enda fleire nyttar seg av det, når vi får koronaen "under kontroll", legg ho til.

Danselærar og MOT-coach

Karoline Velsvik Sivertsen tok studiespesialisering på Ulstein vidaregåande skule, deretter jobba ho i to år før ho tok bachelor i administrasjon og planlegging ved Høgskulen i Volda. 

- Eg starta tidleg å arbeide som reinhaldar ved Fokus Regnskap. I Herøy kommune har eg arbeidd som danselærar sidan 2008.

- I tillegg har eg vore innom mange av skulane som både lærarvikar og assistent. EG har også jobba som i miljøarbeidar og støttekontakt i 10 år. Sidan 2016 har eg jobba på Fritidsklubben som klubbleiar og fekk no stillinga som prosjektleiar for UFO. Eg er også ein del av MOT-teamet til Herøy kommune som MOT-coach, fortel ho.

I tillegg har Karoline Velsvik Sivertsen også jobba eit år på Thon Hotel Fosnavåg som event manager. 

Glad i frivillig arbeid

På fritida likar ho å gå tur på fjellet, og vere saman med vener og familie. Elles er ho veldig glad i frivillig arbeid og har vore med i HerøyLAN som crewsjef og som styremedlem i Herøyspelet. 

- Eg likar svært godt å arbeide med ungdom. Eg har teke del i både UKM og UNG-festival (tidlegare PIR-festival) i mange år. 

Melissa Nerland Paulsen:

Melissa Nerland Paulsen er frå Herøy, er gift og har ei dotter.

Ho har gått medium og kommunikasjonslinja på vidaregåande i Volda, og gjekk vidare og fullførte ein bachelor i Media, Ikt og design, samt eit årsstudium i drama og teater ved Høgskulen i Volda.

-  I tillegg tek eg no nettstudium i religion, kultur og samfunn, fortel ho.

Fleire ulike jobbar i Herøy kommune

Sidan ho flytta heim til Herøy i 2015, har ho jobba med mykje forskjellig i Herøy kommune. Både ved Fritidsklubben, assistent i skule, miljøarbeidar i bu/hab. I tillegg er ho drama-og teaterlærar på ved Herøy kulturskule. Jobben som drama- og teaterlærar jobbar ho med i tillegg til at ho skal vere prosjektleiar for UFO.
I tillegg har ho vore engasjert i mykje frivillig arbeid, som i Røde Kors, der ho var distriktleiar for Røde Kors Ungdom i Møre og Romsdal frå 2015-2016.

På fritida spelar ho i Herøy Janitsjar, og likar elles å vere saman med vener og familie.

- Eg brenn for å arbeide med ungdom, og gler meg til å ta fatt på jobben, fortel ho.