Nye testreglar - ein teststasjon

Frå venstre: Sunniva Bigset Karlsen, Linda Øvrelid og Louise Kaldhol som er ein del av det nyoppretta testteamet ved Herøy legesenter. Thomas Teige Sporsheim Regjeringa set i verk nye reglar for smittesporing og testing (nedjustert TISK) frå 27.09.21. Samstundes går Herøy frå to til ein testasjon, ved Herøy helsesenter.

TISK står for testing, isolasjon, smittesporing og karantene.

Nedjustert TISK betyr at:

  • smitta personar skal framleis vere i isolasjon.
  • hushaldsmedlemer og andre nærståande til smitta person skal vere i karantene, eller gjennomføre fastsett testopplegg i staden for karantene.
  • andre personar vert ikkje sett i karantene, men får generelle råd om å vere varsame, og teste seg ved symptom.
  • «test for karantene» i skular og barnehagar vert avslutta.
  • det vert auka bruk av sjølvtesting kombinert med PCR-testing (som no).

Etter nokre veker vil regjeringa gå over til "Ein normal kvardag med auka beredskap".

- Frå måndag 27.09.21 er det etablert eit eige test-team lokalisert ved Herøy helsesenter. Begge legesentera i Herøy vert då fritekne frå testoppgåvene og kan fullt ut fokusere på pasientbehandling, seier leiar for barn, familie og helse, Runa Bakke.

Test-teamet sine oppgåver vil vere:

  • utføre testar for innbyggjarar som no,
  • dele ut og veilede i bruk av sjølvtestar,
  • gjennomføre testar og opplæring i sjølvtesting i skular og barnehagar ved utbrot osv.

Runa Bakke understrekar at det fram til no har fungert godt å ha ein teststasjon ved kvart av legesentera, og alle involverte har gjort ein god jobb. Men på grunn av den nedjusterte TISK, har vi behov for å kunne vere meir fleksible.

Ny organisering

Den nye organiseringa gjer at ein har eit eige team som tek seg av både testinga på dagtid i vekedagane, og som er i beredskap om ettermiddagane/helg. 

- Vi har stor tru på at dette vil lette arbeidet for alle som har vore involverte, og spesielt no når vi er i ein fase der vi i større grad kan bli sendt ut til å gjennomføre gruppetesting (pool-testing) eller opplæring i sjølvtesting dersom vi får eit utbrot, seier Sunniva Bigset Karlsen som er leiar for det nyoppretta testteamet.

Du kan framleis bestille test på nettsida

Det er ingen endringar i korleis ein gjennomfører test ved Herøy legesenter, og ein kan framleis bestille time via nettsida til Herøy kommune her. 

Frå 27. september ikkje er høve til å bestille test ved Myrvåg legesenter.

Ny fase i pandemien

Vi går etter kvart over i ein ny fase i pandemien der styresmaktene ønskjer at kommunane skal ha større fokus på beredskap, enn kontroll.

Likevel skal kommunane:

  • oppretthalde dagens beredskapsnivå (organisasjons- og leiingsberedskap) ut året.
  • ha ein grunnberedskap for TISK som betyr at ein skal kunne dele ut hurtigtestar til 10 prosent av befolkninga per veke.
  • kunne teste 1 prosent av befolkninga per veke.
  • ha beredskap til å i løpet av fem dagar auke kapasiteten ytterlegare til 5 prosent av befolkninga, og skalere TISK-arbeidet elles i samsvar med dette.

Les meir om nedjustert TISK i kommunane på regjeringa sine nettsider her.