Nye varmekablar i rådhustrappa

Klikk for stort bileteInngangsparti under arbeid

 

Arbeidet med å skifte varmekablar i rådhustrappa har starta. Dette medfører at hovudinngangen vil verte stengt så lenge arbeidet går føre seg.

Redusert tilkomst

Hovudinngangen vil vere stengt til ut i neste veke. Du kan nytte inngang på høgre side av trappa om du skal inn på rådhuset. I denne delen av bygget er der ikkje rullestolheis.  Det øvste platået vil verte prioritert, slik at rullestolrampa kan takast i bruk så snart som mogleg.

 

Vi beklager den ulempa dette medfører.