Nytilsett beredskapsleiar

Klikk for stort bileteRolf-Henning Skrede Hide starta i jobben som beredskapsleiar i Herøy brann og redning 1. mai. Iselin Nevstad Øvrelid Rolf-Henning Skrede Hide er tilsett som ny beredskapsleiar i Herøy brann og redning.

Han starta i jobben 1. mai, og stillinga er førebels eit vikariat på 1 år.

Mange kjenner nok til Rolf-Henning frå tidlegare då han var prosjektleiar for bygg ved eigedomsavdelinga i Herøy kommune. Dette var frå juni 2014 – juli 2018.

Såleis vert han ein viktig person å ha med på laget i arbeidet med oppføringa av ny brannstasjon som etter planen skal stå ferdig i februar 2021. Han er nemleg brannvernet sin kontaktperson knytt til prosjektet oppimot eigedomsavdelinga.

Rolf- Henning Skrede Hide kjem frå jobb som prosjektleiar/seljar i Kvadratbygg, men han har hatt befalsvakter i Herøy brann og redning sidan april 2018.

Kjekt å vere tilbake

- Det er veldig triveleg å vere tilbake i Herøy kommune og få kontakt med gamle kollegaer att, seier han muntert.

Den nye jobben er mykje annleis enn tidlegare sjølvsagt, då han no har ansvar for administrasjon av mannskap, følgje opp vakt- og øvingsplanar, finne vikarar og i tillegg vere brannmeister ved stasjonen. Då har han ansvar for å sørgje for at alt utstyr ved stasjonen er i orden til ei kvar tid.

Bachelorgrad i konstruksjonsteknikk

Rolf-Henning er gift med Marte og har ein son på 9 år.

Han har ein bachelorgrad i bygg/konstruksjonsteknikk, og før det 16 år som tømrar. Han har teke beredskapsutdanning i brann – trinn 3, ved Norges brannskule.

- Å ha erfaring frå konstruksjon og bygg er ein god ting å ha med seg i denne stillinga. Då er ein betre førebudd på faremomenta om ein kjem utfor ei stor hending, påpeikar han.

- Det vert ei spanande år og vi ser fram til å få flytte inn i ny brannstasjon neste år. Dette vert kjekt, avsluttar han.

Vi ønskjer han velkomen tilbake til Herøy kommune og lukke til i ny jobb!