Nytt delegeringsreglement under arbeid

Hand med svevande rundingar over med mennesker i. - Klikk for stort bilete Nedlastning AdobeStock

Gjeldande delegeringsreglement vart vedteke i februar 2016 og har ikkje vore revidert sidan. I høve arbeidet med nytt delegeringsreglement vart det inngått ein avtale med Kommuneforlaget om å nytte KF Delegering, som er eit digitalt delegeringsreglement. Saka om nytt delegasjonsreglement ligg no til politisk handsaming.

Det nye reglementet er bygd opp etter lovverket og ved å gå inn på den enkelte lova får ein no fram heile delegeringskjeda, det vil seie at ein finn all delegasjon knytt til ei lov på ein stad. 

Kommunen sitt delegeringsreglementet har ei framsidetekst som inneheld ein generell omtale av delegeringsreglementet og prinsippa for delegering. 

 Utkast til nytt delegasjonsreglement finn du her.

Slik finn du fram i utkast til nytt digitalt delegasjonsreglement:

På venstre sida finn ein kvar enkelt lov som kommunen har delegert mynde etter og der det går fram kven som har fått tildelt mynde etter kvar paragraf. På høgre sida finn ein dei ulike organisasjonseiningane. Ved å trykke på lenkja til dei enkelte einingane får ein opp ein omtale av einingane og ei oversikt kva mynde desse har fått tildelt.