Nytt vaksinasjonslokale frå måndag 30. august

Siv Jensen, Åse Marie Remøy og Kari-Janne Ljones Kulø lagar til for vaksinasjon i nye lokale.Frå måndag 30. august vert det vaksinering i kyrkjekjellaren i Herøy kyrkje (Lisjebøvegen).

Vaksinasjonsteamet har jobba på spreng for å gjere alt klart til vaksinasjon i nye lokale frå måndag 30. august.

Måndagar vert dermed ny vaksinasjondag i Herøy, og då vert det vaksinasjon også på dagtid.

Vi brukar dermed heile dagen for å vaksinere flest mogleg, fortel vaksinasjonskoordinator, Kari-Janne Ljones Kulø.

Vi ønskjer at du brukar munnbind når du kjem for å ta vaksinen. Handsprit står ved inngangen. Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon før vaksinetimen din, kan du ta kontakt med koronatelefonen for å få ny vaksinasjonstid. Hugs å gi beskjed dersom du ikkje kan møte til timen.

Besøksadresse:

Ytre Herøy kyrkje, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg.

Parkering og køyremønster

Det er godt med parkeringsplassar rundt kyrkja, men det er mange som kjem samstundes. Derfor ber vi alle om å parkere på merkte plassar. Ein kan også parkere på plassen der gamle Myklebustskulen var, eller gå frå kulturhuset der det er godt med parkeringsplassar.

- Eller ta beina fatt for dei som kan det, oppmodar vaksinasjonsteamet.

Oppmerka HC-parkering er på sørsida ved inngangen til kontoret.

Merk deg køyremønsteret under: