Det er på grunn av dei nasjonale innstrammingane for å avgrense nærkontaktar og smittespreiing.
Faktura på SMS
Du betaler same eigendel som elles ved ein slik konsultasjon, og du får tilsendt kravet på faktura på SMS etter timen dersom du har hatt ein video- eller telefonkonsultasjon.
Om ein betalar SMS-fakturaen fortløpande, er det ikkje fakturagebyr på dette.
Om videokonsultasjonar
Videokonsultasjonar passar for enkle problemstillingar eller spørsmål som ikkje krev undersøking og/eller blodprøver. Du kan også bestille time for dette via vår heimeside, men hugs då at det er ein fordel om du skriv kva timen gjeld, slik at legane kan førebu seg før timen.
Videokonsultasjonar tilsvarar ein vanleg legetime, og det er same pris. Det fungerer ved at ein får ei lenkje tilsendt via SMS, og via lenkja blir ein kopla opp til ei nettside. Der må du logge deg på med bank-ID. Du vil då møte fastlegen på telefonskjermen som ved til dømes ein skype-samtale.
Endringar i frikortordninga
Det er nytt år og vi minner om at det er endringar for frikortordninga. Det kan du lese meir om her.
Møt presis, men ikkje lenge før
Dersom du har fått beskjed om å møte fysisk, kan det vere greitt å vite at dørene er opne ved både Herøy legesenter og Myrvåg legesenter. Ei vakt vil informere deg om smittevernrutinane, og vi minner deg samstundes om at det er fint at du kjem presis til timen, men ikkje lenge før. Dette for å sikre godt smittevern ved legesentera våre.
Kontaktinformasjon til legesentera finn du her.