Barnevakten sin foredragshaldar Stefan N. Halck
Bergsøy skule
Stefan N. Halck er ein erfaren foredragshaldar. Han har bak seg meir enn 300 foredrag til elevar og føresette med tema knytt til bruk av media. Hans visjon er at bruken skal foregå på ein trygg og bevisst måte.
Vi vaksne har ansvar for å byggje eit godt og trygt samfunn for born og unge. Då må vi samarbeide om korleis vi skal manøvrere i dette landskapet slik at gode verdiar og sunne oppvekstvilkår får råde.
Stefan peikte på at vi ser ei kraftig endring i born og unge sine vanar knytte til sosiale media. Frå 2020 har born og unge vorte eldre når dei startar med bruk av både Snapchat, Instagram og TikTok. Mange tek meir beviste valg enn tidlegare. Han oppmoda dei vaksne sterkt om å delta i borna si nettverd – både når det gjeld spel og sosiale medium. Etterspør, ver nysgjerrig og delta på dei unge sin banehalvdel. Inviter inn til tillitsfulle samtalar.
Stefan sitt beste råd til elevane: Ver ein god ven også på nett!
Godt tips til råd og info for føresette ligg her.
Tussa er ein av fleire av Barnevakten sine støttespelarar. Kvart år kan skulane søkje Tussa om midlar til slike arrangement, og denne gongen fekk vår skule slikt tilskot. Det ynskjer vi å sende ei stor takk for.
Marit Lillestøl, rektor