Nyttig samling for ungdomsråda

Bilete av alle som deltok på ungdomskonferansen. - Klikk for stort bileteUngdomane diskuterte gode tankar om framtida på ungdomskonferansen. Thomas Sporsheim

Tysdag var alle dei nyvalde ungdomsråda i sjustjerna, i tillegg til Sula, samla på Herøy kulturhus. Over 80 ungdomar møtte opp til samlinga.

Dette er ei årleg samling for ungdomsråda på Søre Sunnmøre. Ungdomane får opplæring i det politiske systemet, korleis dei skal få sakene sine vidare, få gjennomslag og bli høyrd. 

- Ungdomane har også hatt besøk av journalist Inger Johanne Ruset frå Sunnmørsposten som snakka om korleis dei kan ta del i debatt. Opplæring i det politiske systemet var det Annika Brandal, varaordførar i Hareid og koordinator i Ulstein som stod for, fortel seksjonsleiar for barn og unge i Herøy kommune Mona Ryssevik. 

- På ungdomens fylkesting deltek to ungdomar frå kvart ungdomsråd. Då gjeld det å samle seg for felles saker og det dei brenn for, avsluttar Ryssevik.

- Utruleg engasjert ungdom

Niels Adon Leenders er medlem av ungdomspanelet i Møre og Romsdal. Han snakka om saker som skal opp på ungdomens fylkesting.

- No er eg her for å førebu gjengen på ungdomens fylkesting og for å legge til rette for diskusjonar og få litt refleksjonar over viktige tema. Det er utruleg engasjert ungdom og dei har gode tankar. Eg gler meg til å sjå igjen nokre av desse på ungdomens fylkesting, seier Leenders.

Niels Leenders og Sivert Sporstøl Leine. Thomas Sporsheim

Nyttig samkøyring

Sivert Leine Sporstøl som er nyvald leiar av Herøy ungdomsråd, synest det er veldig nyttig å møtast slik.

- Det er kjempekjekt at vi kan samlast slik og samkøyre oss. Vi har fått undervisning og den informasjonen vi har fått, er veldig nyttig for oss. Det er veldig greitt å høyre kva andre tenkjer slik at du får inspirasjon sjølv, og vite kva som skjer rundt om deg, ikkje berre i di eiga kommune. Det vart eit veldig kjekt arrangement og alle set stor pris på å ha fått det til, seier Sporstøl Leine som vil bygge vidare på det som har blitt gjort før. 

- Eg brenn for å bygge vidare på det ungdomane har fått til hittil i Herøy kommune, som fritidsklubben og UFO. Eg jobbar hardt for at det ikkje skal bli kutta ned på noko av det, avsluttar ein engasjert Sivert Leine Sporstøl.

Her ser vi Mona Ryssevik til venstre i samtale med ei av gruppene. Thomas Sporsheim