Offentleg ettersyn Kommunedelplan for strategisk næringsutvikling 2020-2024

Kommunedelplan for strategisk næringsutvikling i  Herøy kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i ni (9) veker. Dette vart vedteke i kommunestyret i sak 99/20, i møte 30.06.2020, i medhald av § 11-14  i plan- og bygningslova (PBL). 

Kommunedelplan for strategisk næringsutvikling 2020 - 2024 er ei revidering av gjeldande strategisk næringsplan 2002-2005. Kommunedelplanen skal fungere som eit overordna styringsverktøy for prioritering av tiltak knytt til næringsutvikling i kommunen. Målgruppa for strategisk næringsplan er det private næringslivet, kommuneorganisasjonen og lag- og organisasjonar. 

Om du har innspel til planstrategien som du meiner bør prioriterast, bør du sende inn ditt forslag til postmottak@heroy.kommune.no

Frist for å sende inn innspel til offentleg høyring av planstrategien er 11. September 2020.

Utkast til kommunedelplan for strategisk næringsutvikling finn du her:

Kommundelplan for strategisk næringsutvikling (PDF, 428 kB)