Offentleg ettersyn Planstrategi Herøy kommune 2020-2023

Klikk for stort bileteDen kommunale planstrategien for Herøy kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i sju (7) veker. Dette vart vedteke i kommunestyret i sak 90/20, i møte 09.06.2020, i medhald av § 5-2  i plan- og bygningslova (PBL). 

Den kommunale planstrategien for Herøy kommune  -  2020 - 2023 er ei revidering av gjeldande planstrategi 2016-2019.Planstrategi skal gje ei oversikt over utviklingstrekk og utfordringar i kommunen. Dokumentet skal klargjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller rullere vidare for å få ei ynskja utvikling i kommunen. 

Gjeldande planstrategi 2016-2020 kan du sjå her.

Om du har innspel til planstrategien som du meiner bør prioriterast, bør du sende inn ditt forslag til postmottak@heroy.kommune.no

Frist for å sende inn innspel til offentleg høyring av planstrategien er 14. august 2020.

Utkast til planstrategien finn du her:

Planstrategi 2019 - 2023 (PDF, 684 kB)