Om innkalling av aldersgruppa 18 - 64 år som er prioritert for vaksinasjon

Klikk for stort bilete Pexels.com Til vaksinasjon i veke 14 kallar vi inn nesten alle i aldersgruppa 18 - 64 år (i risikogruppe 4) som fastlegane har plukka ut til prioritert vaksinasjon i samsvar med nasjonalt fastsette reglar. Dette er personar med aller høgast risiko for å utvikle alvorleg forløp av covid-19.

- Etter at vi starta innkallinga av desse som tilhøyrer risikogruppe 4, har vi fått nokre meldingar om at dei innkalla meiner dei ikkje tilhøyrer denne prioriterte gruppa, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Skuldast ein feil i systemet

I Herøy kommune er det servicetorget som kallar inn til vaksinasjon. Dei tilsette har ikkje kunnskap om den einskilde sine diagnoser. Det er det berre fastlegane som har.

Om nokon har fått tilbod om vaksine utan at dei høyrer heime der, kan det skuldast ein feil. Det har vist seg at det sentralt utvikla dataprogrammet som fastlegane skal nytte til å finne desse personane, kan ha nokre svakheiter som vert avdekka gjennom innkallinga som pågår no.

- Dei som melder at dei ikkje er risikogruppe og ønskjer utsett time, vert sjølvsagt utsett. Vi trur ikkje det er snakk om mange, men vi ser at det kan skje. Derfor ønskjer vi å gjere merksam på dettte.

Stort fokus på omvendt situasjon

Herøy kommune er også svært opptekne av omvendt situasjon, nemleg at nokon som tilhøyrer risikogruppa ikkje har fått innkalling.

- Vi kjem til ha stort fokus på akkurat det i veke 14 og 15 når vaksinasjonslistene for veke 15 vert sett opp. Vi ønskjer å gjere alt så rett som råd er, og oppstår det manglar eller feil vil vi svært gjerne verte gjort merksam på det, slik at det kan rettast opp. Det er over 6000 herøyværingar som skal få tilbod om vaksinasjon til rettmessig tid, så vi er budde på at det kan oppstå nokre avvik frå det ideelle undervegs.

Kva gjer eg om eg ikkje har fått time?

Om du meiner du høyrer til i risikogruppe 4, men ikkje har blitt kontakta i utgangen av veka etter påske, så ber vi deg om å ta kontakt med fastlegen slik at han eller ho kan gjere ei vurdering. Dersom det er rett at du skal prioriterast for vaksinasjon no, varslar fastlegen servicetorget som kan tildele time til deg. Servicetorget har ikkje mynde til å tildele timar til personar som ikkje står på lista. 

Vi presiserer at dette med stort sannsyn berre gjeld nokre få i aldersgruppa 18-64 år med desse sjukdomane:

  • Organtransplantasjon
  • Immunsvikt
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (til dømes ALS, cerebral parese og Downs syndrom) 
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon

Kven får koronavaksine først? Les meir om det her.

Har du fastlege i ein annan kommune, men bur i Herøy?

Ein skal få vaksine i den kommunen ein bur i.

I nokre kommunar er det kommunen sjølv som organiserer vaksinasjon mot covid-19. I andre kommunar er det fastlegen.

Det er derfor fastlegen eller kommunen du har fastlege i som skal sende informasjon til avdeling for barn, familie og helse i Herøy kommune om prioritering på grunn av risikogruppe.