Om lag 270 nye personar får koronavaksinen neste veke

Klikk for stort bileteIllustrasjon: Koronavaksinasjon. Mostphotos - Det er vi svært glade for. Det betyr at vi får tilby stadig fleire vaksinen, seier vaksinasjonskoordinator i Herøy kommune, Kari-Janne Ljones Kulø.

Denne veka (veke 14) er det om lag 250 nye personar som får første dosen av koronavaksinen. Neste veke (veke 15) er det altså om lag 270 personar som får første dosen av koronavaksinen. 

Får informasjon om vaksineleveransar frå veke til veke

- Kor mange vaksinar vi får etter veke 15, veit vi ikkje enno. Vi får informasjon om leveransane frå helsestyresmaktene frå veke til veke. Vi tek sjølvsagt imot alt vi kan få, då vi ønskjer å få vaksinert så mange som mogleg av innbyggjarane i Herøy, seier Ljones Kulø.

Denne veka er vi i mål med risikogruppe 4, og vi går i gang med å ringe for å tilby time til dei frå 74 år og nedover til 66 år.

Servicetorget ringer alle i denne gruppa og tilbyr vaksine i tur og orden.

Registrer deg for vaksinasjon

Sjølv om du får tildelt time på telefon, ønskjer vi likevel at alle førebur koronavaksinasjon ved å registrere deg på nettsidene våre med kontaktinformasjon og svare på nokre spørsmål om eiga helse. 

Det vil lette logistikken for oss når det er din tur å få vaksine. Om du ikkje ønskjer vaksine, vil vi gjerne at du registrerer deg likevel. Då veit vi at vi ikkje skal kontakte deg. Vi gjer merksam på at det er lov å endre meining seinare.

Dette oppmodar vi alle til å gjerne no. Både du som er i aldersgruppa 66 – 74 år, men også alle andre vaksne innbyggjarar over 18 år.

Her ser du oversikt over kor mange som har fått koronavaksinen til no.