Om testing, korona- og karantenesjekken

Klikk for stort bileteDet blir testing også i romjula. Adobe Stock  

Når du bestiller time til koronatesting, er det viktig at du opplyser om årsak til kvifor du vil teste deg.

Vi treng årsak til testing for å få sendt prøva til laboratoriet. Om årsak ikkje er oppgitt må vi å ringe deg opp før testing.

Teststasjon i sommar

I sommar og fram til 16. august skjer koronatesting ved Myrvåg legesenter. Slik er køyreruta ved Myrvåg legesenter:

Klikk for stort bilete 

Ved Herøy legesenter kan du bestille time frå 13. august. Testing skjer frå 16. august.

Når testar du deg

Det er lav terskel for å bestille test. Årsak kan vere:

  • Du er sjuk
  • Du har vore ute og reist
  • Du er usikker på om du kan ha vore utsatt for smitte
  • Du er i karantene
  • Du har hatt besøk frå område der det er høgt smittetrykk

Ta koronasjekken om du lurer på om du skal teste deg

Testing ved flyreiser, krav frå arbeidsgivar eller liknande

Krav om test frå arbeidsplassar, reise, reiarlag, flyselskap osv. før ein får gå på arbeid eller om bord, er testar som ikkje har eit grunnlag i symptom på sjukdom, mistanke om smitte eller smittesporing.

Desse må du eller arbeidsplassen difor dekke sjølv.

Kommunen sine teststasjonar er ikkje dimensjonerte for å utføre disse oppgåvene, men du kan få utført slik testing hos private medisinske verksemder som t.d. bedriftshelsetenesta og ved Fosnavåg helsehus.

Koronasertifikat

Testing til koronasertifikat – informasjon her

Kor lang tid tek det før eg får svar?

Det tek vanlegvis 24-36 timar før vi får svar på prøva di. Er prøva positiv vert det gitt svar med ein gong til både deg og kommuneoverlegen som så set i verk nødvendige tiltak.

Svaret vert lagt på helsenorge.no, slik at du kan sjå svaret sjølv.

Du får varsling på SMS eller e-post når prøvesvaret er klart. Svar på ulike spørsmål finn du her.

Karantenesjekken

Det er ulike årsaker til et ein skal eller bør teste seg. Karantenesjekken fortel deg korleis du skal forhalde deg etter testing

Nyttige lenkje:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/koronasjekk/

Nyttig å vite om testing, karantene, isolasjon og reising finn du her.