Ønskjer betre vilkår for leik og idrett

Klikk for stort bilete

Meiner du skulen din treng eit oppgradert leike- eller uteområde? Her kan du finne ut meir om korleis du bør gå fram for å få det til.

Gjennom Kulturdepartementet har Norges Fotballforund (NFF) og Norges Friidrettsforbund (NFIF) gitt ut ei ny rettleiing som går på planlegging, bygging og drift av skulane sine uteområde. Målet er å skape flest moglege uteareal om til innbydande område til leik og eigenorganisert aktivitet både i skule- og fritid. I dokumentet kan du blant anna lese meir om søknad av spelemidlar, utforming av uteområde og prosessane knytt til drift av anlegg, vedlikehaldsarbeid, tilskotsordningar, finansiering og søknadsprosedyrar.

Med skulen som satsing

Skulen er alle barns daglege opphaldsstad og en viktig møteplass i dei fleste lokalsamfunn. I det regjeringsoppnemnte «Strategiutvalget for idrett», knytt til framtidas utbygging av idrettsanlegg, er ein av hovudkonklusjonane at framtidas idrettsanlegg i større grad bør byggast i tilknyting til skuler. Norges friidrettsforbund og Norges Fotballforbund (NFIF og NFF) sitt FriFot-konsept er dermed eit resultat av dette. Målet er ein meir aktiv skulekvardag for barn og unge i heile landet.

Om FriFot-konseptet:

FriFot står for: Frileik, respekt, inkludert, folkehelse, overskot, tilfreds.

Konseptet er knytt opp imot Stortinget og regjeringa sitt ønskje om minst ein time fysisk aktivitet per dag i skulekvardagen for elevar frå 1. -10. trinn. Ein ny, nasjonal handlinsplan for folkehelsetiltak er under arbeid, der det er venta at dette vil verte nærmare omtala.