Ønskjer du koronavaksine?

Neste planlagde vaksinasjonsdag er 26.07.22 i tida 14.00-16.00.

Om du ønskjer koronavaksine i sommar kan du ta kontakt med oss på e-post eller telefon som skildra under:

E-post: korona@heroy.kommune.no 

Skriv: Ønskjer vaksine. Opplys om namn og telefonnummer. Vi tek då kontakt med deg for nærmare avtale.

Eventuelt kan du ringe koronatelefonen: 469 15 360 (kl. 10-14)

Du kan også sjekke om andre kommunar har vaksinasjonsdagar.

Tilbodet gjeld:

- alle 12 - 15 år som treng/ønskjer grunnvaksinering  mot covid-19 (dose 1 eller dose 2). Hugs samtykkeskjema frå begge føresette.

- alle over 16 år som treng/ønskjer grunnvaksinering  mot covid-19 (dose 1 eller dose 2).

- alle over 18 år som treng/ønskjer oppfriskingsdose (dose 3),

- alle over 18 år med alvorleg risiko/immunsvikt som treng grunnvaksinering (dose 1,2 og 3) eller oppfriskingsdose (dose 4)

- alle over 80 år som ønskjer dose 4.

Her får du informasjon om koronavaksinasjon for barn.