Ope Herøy rådhus: Pass på godt smittevern

Klikk for stort bilete 

Vi held ope på Herøy rådhus for å vere tilgjengeleg for publikum. Det er viktig for oss å førebyggje eventuell smitte. Vurder derfor om det er naudsynt med personleg oppmøte.

Dette kan du vere med å gjere for å førebyggje smitte:

  • Vil du ha samtale med sakshandsamarar må du avtale tid før du møter opp. Avtal tid ved å ringe. Kanskje saka er mogleg å løyse pr. telefon?
  • Skal du levere noko? Kanskje er det ikkje behov for å snakke med oss. Då kan du legge det du vil levere i postkassa på utsida av rådhuset. Postkassa vert tømd kvar dag.
  • Har du skriftlege meldingar til oss? Då kan du sende dette til: postmottak@heroy.kommune.no
  • Inneheld det du skal levere personopplysningar, må du nytte e-dialog
  • Vil du innom servicetorget for å få hjelp, har vi eit sterkt ynskje om at du fører deg inn i smitte-protokollen. Det er frivillig, men det er til det beste både for deg sjølv og oss om det skulle oppstå smitte ved rådhuset.
    Hugs på å halde avstand og følg smittevernråda
  • Mange elektroniske skjema ligg dessutan tilgjengeleg på nettsida
  • Treng du opplysningar om eigedomen din kan du nytte min eigedom eller E-torg.