Opnar for treningskampar

Pexels.com Ein opnar no for treningskampar mellom lag for barn og unge under 20 år innad på Søre Sunnmøre.

Ordførarane på Søre Sunnmøre drøfta måndag innspelet frå Sunnmøre fotballkrets om fortolkinga av nasjonale retningslinjer for barn og unge under 20 år knytt til å spele fotballkampar mot lag i andre kommunar. Vi er kjent med dei nasjonale anbefalingane i høve felles idrettsaktivitetar på tvers av kommunegrensene, og legg til grunn at dette er anbefalingar ikkje reglar som er absolutte. Det er difor opp til kommunane og den enkelte klubb å vurdere risikoen knytt til avvikling av slike kampar.

Ut frå ei samla vurdering der ein mellom anna legg til grunn at vi har eit lågt og nokså likt smittetrykk på Søre Sunnmøre, ynskjer ordførarane å legge til rette for at lag for barn og unge under 20 år frå kommunane på Søre Sunnmøre kan møte kvarandre til treningskampar utan andre avgrensingar enn dei smittevernreglane som gjeld for arrangement elles. Denne vurderinga gjeld alle lagidrettar.

Deltakarar/trenarar som arbeider/går på skule i andre kommunar der det er strengare smittevernreglar enn lokalt, skal følgje dei reglane som er strengast.

Det er kvar klubb som har ansvaret for å følgje med på smittesituasjonen i sin kommune, og for ikkje å gjennomføre slike kampar dersom kommunen har varsla om endring i smittesituasjonen. Dersom det oppstår tvil skal klubben ta kontakt med kommuneoverlegen i sin kommune for å avklare om kampar kan gjennomførast.

Klubbane kan starte slik aktivitet frå 02.06.21 kl 00:00.