Opning av kvile- og lesehytta

Klikk for stort bileteMoltu barnehage fekk æra av og offisielt opne kvile- og lesehytta.

I dag var det en annleis start på barnehage dagen, vi opna «barnehagen» på fjellet. Foreldra leverte barna sine på kvile- og lesehytta. Når dei fyrste barna kom var det mørkt ute, det gjorde ingenting for personalet hadde hengt opp lyselenker som viste veg til hytta. Det var surt og kaldt ute dei fyrste timane. Men inne på hytta var det varmt og godt for Magnar Lillestøl hadde skrudd på varme til oss.

Klikk for stort bilete   

Store og små kosa seg med spel og bøker inne på hytta. Når klokka var 12 starta opninga. Da blei det haldt talar, og etterpå fekk alle barna være med på å klippe snora og hytta var offisielt opna.

Klikk for stort bilete   

Dette var stort for oss, vi er så glad for vi fekk delta på snor klippinga. Som takk song barna to songar, fyrst «Vestlandet» og deretter «vi er dyra frå alle land». Det blei servert pølse med brød, saft og kaker. Vi kosa oss masse før vi rusla oss ned i barnehagen igjen. Dette var en fin og minnerik dag. En stor takk til Magnar som inviterte oss.