Opplevingskort til barn og unge

Klikk for stort bileteSunnmørsbadet er ein av aktørane som er er med på opplevingskortet. Sunnmørsbadet I Herøy kommune kan du søke om opplevingskort for born og unge. Opplevingskortet vert tildelt i form av årskort, billettar eller gåvekort til billettar.

Opplevingskortet gir gratis tilgang til Sunnmørsbadet, Aktiv Trening, kinoframsyningar eller andre konsert- og kulturframsyningar i Herøy. Dette er eit samarbeid mellom private aktørar, Herøy kommune og NAV.

Ordninga skal sikre at born og unge i alderen 0-24 år, frå familiar med svak økonomi, får høve til å delta i ulike aktivitetar og kulturopplevingar. Familiar med fleire born i den aktuelle aldersgruppa kan tildelast fleire kort. 

Opplevingskort

Opplevingskort er eit samarbeid mellom private aktørar, Herøy kommune og NAV. Ordninga skal sikre at born og unge frå familiar med svak økonomi får høve til å delta i ulike aktivitetar og kulturopplevingar.

Kven kan få tenesta?

Opplevingskortet kan tildelast born og unge i alderen 0-24 år i familiar med svak økonomi. Familiar med fleire born i den aktuelle aldersgruppa kan tildelast fleire kort.

I tillegg til økonomiske forhold vil det vere aktuelt å ta omsyn til ulike sosiale faktorar, og tildelinga vil derfor vere ein kombinasjon av økonomiske og sosiale forhold. Integrering og aktivisering er viktige føremål med ordninga.

Det er også mogeleg til å gi billettar til venner av borna/ungdommane som har kortet, dette etter vurdering frå NAV.

Kva får du?

Det er NAV som handsamar søknaden. Opplevingskortet vert tildelt i form av årskort, billettar og gåvekort til billettar. Kortet varer for eit kalenderår av gongen. Eksempel på kva opplevingskortet dekkjer (2020/2021):

  • Kinoframsyningar og snacksmeny ved Herøy kino
  • Valfrie konsert- og kulturframsyningar ved Fosnavåg konserthus
  • Sunnmørsbadet
  • Aktiv Trening

Kva kostar det?

Tenesta er gratis for den som får den tildelt.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Dette skjemaet skal skrivast ut, fyllast ut og leverast på kontoret hos NAV saman med dokumentasjon. Søknad som leverast utan dokumentasjon blir ikkje handsama. (DOCX, 19 kB) (DOCX, 19 kB)

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.