Opplevingskort til born og unge

Klikk for stort bileteSunnmørsbadet er ein av aktørane som er med på opplevingskortet. Foto: sunnmørsbadet.no

 

 

I Herøy kommune kan du søke om opplevingskort for born og unge. Opplevingskortet vert tildelt i form av årskort, billettar eller gåvekort til billettar,

Opplevingskortet gir gratis tilgang til Sunnmørsbadet, kinoforestillingar eller andre konsert- og kulturforestillingar i Herøy. Dette er eit samarbeid mellom private aktørar, Herøy kommune og NAV. Ordninga skal sikre at born og unge i alderen 2-18 år, frå familiar med svak økonomi, får høve til å delta i ulike aktivitetar og kulturopplevingar. Familiar med fleire born i den aktuelle aldersgruppa kan tildelast fleire kort. 

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.