Oppmoding: Bli vikar i barnehage eller skule

Ei kvinne sit i eit barnehagemiljø og smiler til kameraet. - Klikk for stort bileteDet trengst fleire vikarar i både barnehagane og skulane i Herøy. Adobe Stock

Vi treng fleire vikarar i barnehagane og skulane våre. Kan du bidra? Ta kontakt eller send ein søknad!

Mange er for tida sjuke og behovet er stort for ekstra arbeidskraft i barnehagane og skulane våre. 

Vi ønsker å kome i kontakt med deg som kan ha høve til å arbeide som vikar.

Her finn du skjema for å søke om vikararbeid i barnehagane og skulane

Ønsker du å vite meir om kva det kan innebere å vere vikar? Ta kontakt med Sølvi Lillebø Remøy, kommunalsjef for kultur og oppvekst