Oppstart av planarbeid - Mindre endring (PBL §12-14) av detaljreguleringsplan "Eggesbøjorda gnr. 38 bnr. 2 mfl."

Kartutsnitt av Eggesbøjorda. - Klikk for stort bileteHer ser du kartutsnitt for området Utklipp frå kartprogram

I samsvar med § 12-14 i plan- og bygningslova har B. Tarberg AS, på vegne av BT Utbygging AS, søkt om delvis endring av detaljreguleringsplan "Eggesbøjorda gnr. 38 bnr. 2 mfl." med mål om høgre utnytting av tomtegrunnen ved Gbnr. 38/290. Saka har vore til behandling i utvalet for samfunnsutvikling, og leggjast derfor no ut på høyring. 

Til høyringB. Tarberg AS har, på vegne av tiltakshavar BT Utbygging AS, søkt om planendring for delar av detaljreguleringsplan "Eggesbøjorda Gnr. 38, Bnr. 2 m.fl." i tråd med plan - og bygningslova §12-14. Formålet med endringa er å leggje til rette for ei høgre utnytting av areal avsett for bustadutbygging innan det omsøkte området ved Gbnr. 38/290 på Eggesbø, i tråd med den pågåande utbyggingsprosessen.

Tiltaket vil leggje grunnlaget for oppføring av blokkbebyggelse framfor meir tradisjonelle konsentrerte bustadhus ved endring av arealformåla på tomtegrunnen (Konsentrert småhusbebyggelse (KS) -> Blokkbebyggelse (BB) ), med ei høgre arealnytting enn gjeldande reguleringsplan legg til rette for, og vil medføre ei oppdatering av føresegnkrava for planområdet med fokus på nødvendig parkeringsdekning (1,5 plass per bueining) samt utbetring av den lokale trafikktryggleiken innanfor området òg langs tilgrensande hovudvegar (Oppdaterte frisiktsoner). 

Saka har vore handsama i utvalet for samfunnsutvikling den 13.12.2022 (Sak nr. 134/22) der den vart godkjent for oppstart òg høyring, men med villkår om endringar til plandokumentasjonen før høyringa kunne finne stad (Sjå saksframlegg for detaljer). Desse villkåra har konsulent imøtekome ved justering av planføresegnene (Ligg vedlagt) samt utarbeiding av ny situasjonsplan for gjesteparkering i samråd med administrasjonen. Saka kan derfor no gå vidare til offentleg høyring, med ein oppsett merknadsfrist på 6 veker. 

Høyringsfrist:  03.03.2023

Send til: Merknadar merka med namnet til planen og saksnummeret «22/1862» kan sendast til kommunen gjennom digitalt skjema: https://skjema.ssikt.no/Heroy/skjema/HER041/Hyringssvar eller fysisk til «Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg», innan den oppgjevne høyringsfristen.

Sakspapir:
Oppstart av planarbeid (2. gangs behandling) - Mindre endring (PBL §12-14) av detaljreguleringsplan _Eggesbøjorda gnr. 38 bnr. 2 mfl._ (PDF, 7 MB) (Saksframlegg med vedtak)
Søknad om mindre endring av reguleringsplan (PDF, 3 MB) (Original søknad om planendring frå konsulent, med tiltaksbeskrivelse)
Forslag_Arealplankart_13.09.2022 (PDF, 646 kB) (Forslag til revidert arealplankart)
Føresegner_revidert 13123 PDF (PDF, 230 kB) (Forslag til reviderte føresegner)
Parkeringsplan Eggesbøgrenda (PDF, 3 MB) (Revidert situasjonsplan for parkering)
Kart gjesteparkering forslag (PDF, 142 kB) (Skisse for gjesteparkering over fylkesveg)
Illustrasjonsskisse_bustadbygg_1 etg_13.06.2022 (PDF, 284 kB) (Illustrasjonssskisse for blokkbygg (6 bueiningar): 1. etasje)
Illustrasjonsskisse_bustadbygg_2 etg_13.06.2022 (PDF, 241 kB) (Illustrasjonssskisse for blokkbygg (6 bueiningar): 2. etasje)
Illustrasjonsskisse_stor_firemannsbustad_13.06.2022 (PDF, 12 MB) (Illustrasjonssskisser for blokkbygg (4 bueiningar)