Oppstart av planarbeid - Reguleringsendring for Eggesbøjorda Gbnr. 37/103

Klikk for stort bilete  
I samsvar med § 12-14 i plan- og bygningslova har Sporstøl Arkitekter AS på vegne av Fosnavåg Butikkeiendom AS v/Pergunn Rødseth Gjerdsbakk søkt om delvis endring av detaljreguleringsplan "Eggesbøjorda Gnr. 38, Bnr. 2 m.fl.". 
Saka har vore til behandling i formannskapet, og ligg no ute på høyring og offentleg ettersyn. 

Til høyring: Sporstøl Arkitekter AS har, på vegne av tiltakshavar Fosnavåg Butikkeiendom AS v/Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, søkt om reguleringsendring av detaljreguleringsplan "Eggesbøjorda Gnr. 38, Bnr. 2 m.fl.", (PlanID 201304). Formålet med endringa er å tilrettelegge for ein meir tidsaktuell arealbruk på tomta Gbnr. 37/103 ved Eggesbøjorda, då dagens arealformål ikkje har blitt realisert og har liten relevans på Eggesbønes i dag. Tiltaket vil medføre oppføringa av eit nytt næringsbygg og tilhøyrande parkeringsareal, samt gjere mindre endringar på kringliggande fortau - og vegnettverk for å sikre tilkomst til nytt næringsareal. 

Saka har vore handsama i formannskapet den 20.04.2020, F-sak 85/20, der det etter §12-14 i plan - og bygningslova vart vedtatt å legge den ut på høyring og offentleg ettersyn. Dokumentasjonen ligg vedlagt artikkelen, med oppsett frist for innspel på 6 veker. 

Høyringsfrist:  11.Juni.2021

Send til: Merknadar merka med namnet til planen og saksnummeret «20/4060» kan sendast til kommunen gjennom digitalt skjema: https://skjema.ssikt.no/Heroy/skjema/HER041/Hyringssvar eller fysisk til «Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg», innan den 11.06.2021.

Sakspapir:
Oppstart av planarbeid - Reguleringendring for Eggesbøjorda Gbnr (DokID 287632) (PDF, 320 kB) (Saksframlegg med vedtak)
V1 Reguleringsendring for Eggesbøjorda A3_L (DokID 292062) (PDF, 430 kB) (Plankart)
V2 Føresegner_Eggesbøjorda (DokID 292063) (PDF, 133 kB) (Føresegner)
V3 Planomtale_Eggesbøjorda (DokID 292064) (PDF, 960 kB) (Planomtale)
V4 Sjekkliste-ROS (DokID 292065) (PDF, 233 kB) (ROS-skjema)
V5 Referat frå oppstartsmøte 07.01 (DokID 292066) (PDF, 2 MB) (Referat Oppstartsmøte)