Orientering om tilsetting av assisterande rådmann m.m.

Klikk for stort bilete

På kommunestyremøtet 31.01.2019 orienterte rådmann Olaus-Jon Kopperstad om tilsetting av ny kommunalsjef samfunnsutvikling/assisterande rådmann og arbeidsavtale med kommunalsjef stab.

Vestlandsnytt

Bjarne Kvalsvik, gruppeleiar i Folkelista, stilte ein del spørsmål til kontrollutvalet i Vestlandsnytt 11.01.2019. Etter oppmoding frå Kjell Runde, Folkelista, orienterte rådmannen om tilsettinga av Nørve som assisterande rådmann og pendlaravtalen med kommunalsjef Dammen-Hjelmeseth i formannskapet 22.01.2019.Bjarne Kvalsvik og Kjell Runde hadde nye innlegg i Vestlandsnytt 29.01.2019.

Slik eg forstår innlegga handlar dei om fylgjande hovudspørsmål:

  1. Har rådmannen fullmakt til å inngå slike arbeidsavtalar?
  2. Er avtalane godt nok forankra?
  3. Har rådmannen utvist eit godt skjønn i samband med avtalane?

Eg vil svare på desse tre spørsmåla i kommunestyret sjølv om spørsmåla opphaveleg vart stilt til kontrollutvalet.

Har rådmannen fullmakt til å inngå slike arbeidsavtalar?

Reglementa for dei politiske organa og delegasjon til rådmannen vart sist vedtekne i kommunestyremøtet 18.02.16.

I reglementet for kommunestyret (K-sak 23/16) heiter det at kommunestyret vedtek sjølv:

«Kommunen si politiske organisering og hovudlinene i kommunen si administrative organisering og styring»

I reglementet for formannskapet (K-sak 24/16) heiter det at formannskapet skal kome med innstilling til kommunestyret når det gjeld:

«Kommunen si politiske organisering og hovudlinene i kommunen si administrative organisering og styring»

I delegasjonen til rådmannen (K-sak 27/16) heiter det:

«Rådmannen har tilsetjingsmynde for alle stillingar der slikt mynde ikkje er lagt til andre ved lov eller reglement.

Rådmannen gjer vedtak i alle personalsaker innanfor dei retningsliner som administrasjonsutvalet eller kommunestyret vedtek»

Det går fram av kommunelova § 22 at kommunestyret skal tilsetje rådmannen (administrasjonssjefen).

Assisterande rådmann

Andreas Christian Nørve er tilsett som assisterande rådmann/kommunalsjef samfunnsutvikling. Det er ikkje oppretta noko ny stilling. Han er tilsett i stillingsheimelen kommunalsjef samfunnsutvikling, jfr utlysingsteksten. Tittelen assisterande rådmann er ei formalisering av funksjonen «fast stedfortredar» som også Jarl Martin Møller hadde.

Assisterande rådmann er ein tittel og ikkje ei stilling med definert innhald. Tittelen seier ikkje noko om innhaldet i stillinga utover at han er fast «stedfortredar» for rådmannen. Innhaldet i stillinga vert definert i arbeidsavtalen. I arbeidsavtalen av 19.12.2018 står det:

«Stillinga som assisterande rådmann i Herøy kommune innehar det ansvaret og dei arbeidsoppgåvene som rådmannen til ei kvar tid legg til stillinga.»

Begge partar var innforstått med at dette m.a. omfattar det å vere kommunalsjef samfunnsutvikling og fast «stedfortredar. Men for at det ikkje skal vere nokon tvil om dette, vart det teke inn slik presisering i revidert arbeidsavtale datert 23.01.2019:

«Stillinga som assisterande rådmann i Herøy kommune innehar det ansvaret og dei arbeidsoppgåvene som rådmannen til ei kvar tid legg til stillinga. Til stillinga ligg mellom anna ansvaret for å ivareta funksjonen som kommunalsjef for samfunnsutvikling».

Dette betyr at partane er innforstått med at rådmannen også kan pålegge Nørve andre oppgåver enn det å vere kommunalsjef samfunnsutvikling og fast «stedfortredar». Nørve har med dette vist vilje til fleksibilitet, noko eg set stor pris på.

Når det gjeld organisasjonskartet, er det med dette ikkje laga fleire bokser. Einaste endringa er at han som no vert kommunalsjef samfunnsutvikling, får høve til å bruke tittelen assisterande rådmann. Eg kan ikkje sjå at dette handlar om «hovudlinene i kommunen si administrative organisering og styring» som skal vedtakast av kommunestyret.

Når det gjeld personalansvar, løns- og arbeidsvilkår for tilsette i Herøy kommune, har dette ligge til rådmannen i rundt 20 år.

Ny kommunelov

I ny kommunelov som vert gjort gjeldande frå 01.07.2019, vert desse fullmaktene lovfesta. Det kan vere opplysande å sjå reglementet i lys av dei nye rettsreglane.   Den nye nemninga for rådmann er kommunedirektør.  Der heiter det:

§ 13.1 sjuande ledd:

«Kommunedirektøren har det løpende personalansvaret for den enkelte, inkludert ansettelse, oppsigelse, suspensjon, avskjed og andre tjenstlige reaksjoner, hvis ikke noe annet er fastsatt i lov.»

I kommentarane til denne paragrafen tek eg med:

«I syvende ledd gis kommunedirektøren det løpende personalansvaret for den enkelte, inkludert ansettelse, oppsigelse, suspensjon, avskjed og andre tjenstlige reaksjoner hvis ikke annet er fastsatt i lov. Arbeidsgiver- og personalpolitikk vil imidlertid fortsatt være kommunestyrets eller fylkestingets ansvar. Og kommunedirektørens oppgaver her må selvsagt gjennomføres innenfor de budsjettvedtakene og overordnete arbeidsgiverpolitiske vedtak kommunestyret eller fylkestinget måtte fatte. For å illustrere skillet kan det vises til at hvilket reglement kommunen eller fylkeskommunen skal ha for pensjon, permisjon eller liknende, ligger til kommunestyret eller fylkestinget, mens den konkrete behandlingen av søknad om permisjon eller liknende ligger til kommunedirektøren.

Lovfesting av dette ansvaret er nytt og innebærer at kommunestyret og fylkestinget ikke kan velge noen annen løsning. Det vil si at de kan ikke gi kommunedirektøren mindre ansvar enn det som her følger av loven, men de kan selvfølgelig delegere mer ansvar til kommunedirektøren innenfor lovens rammer.»

Eg tek også med frå departementet si innstilling:

«Departementet slutter seg til utvalgets begrunnelse for å gi kommunedirektøren et lovfestet ansvar for det løpende personalansvaret for den enkelte. Departementet vil særlig trekke fram at forslaget vil styrke det grunnleggende skillet mellom de folkevalgte og administrasjonen. Departementet vil også trekke fram at kommunedirektørens ansvar for administrasjonen tilsier at kommunedirektøren også har ansvaret for de som er ansatt i administrasjonen og for at de rette personene blir ansatt.

Forslaget har fått bred støtte i høringen. Svært få instanser har hatt innvendinger. Departementet har vurdert betydningen av at forslaget formelt fratar kommunestyret personalansvaret for den enkelte. Selv om forslaget kan sies å gripe inn i det kommunale selvstyret, kan det ikke få avgjørende betydning. Argumentene som taler for forslaget må i denne forbindelsen veie tyngre. Departementet vil på denne bakgrunnen følge opp utvalgets forslag.»

Eg legg til grunn at delegasjonsfullmaktene rådmannen har i dag er i samsvar med ny kommunelov.

Spørsmålet om rådmannen har gått ut over sine fullmakter, vart stilt til kontrollutvalet. Eg legg til grunn at kontrollutvalet framleis har høve til å vurdere dette spørsmålet..

Er avtalane forankra?

Det er faste rutinar for tilsetjing i Herøy kommune som sikrar dei tillitsvalde sin medverknad i prosessane. Folkevalde organ er berre inne i samband med tilsetting av rådmann.

I samband med tilsetting av Nørve og pendlaravtalen til Dammen-Hjelmeseth vart formannskapet likevel orientert den 12.12.2018.. Dette vart gjort fordi sakene har ein litt spesiell karakter og for at formannskapet skulle få høve til å stille spørsmål om avtalane direkte til rådmannen og ikkje verte informerte via spekulasjonar og rykte. Diverre vart dette ikkje slik det var tenkt.

Pendlaravtalen var i tillegg tema på fleire møte med dei hovudtillitsvalde.

Har rådmannen utvist eit godt skjønn i samband med avtalane?

Jarl Martin Møller sa opp stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikling 12.09.2018. 

Stillinga vart utlyst 2 gongar. Søknadsfristen ved første utlysinga var 05.10.2018, ved andre utlysinga 11.11.2018. Andreas Christian Nørve var den einaste av søkjarane som vart innstilt til stillinga.  Etter drøftingar/forhandlingar om arbeidsvilkåra, skreiv han under arbeidsavtalen 19.12.2018.

Det er høgst uvanleg å få kandidatar med Nørve sin bakgrunn og kompetanse som søkjar til ei kommunalsjefstilling. I ein slik situasjon meiner eg det er rett og nødvendig å strekkje seg langt for sikre seg ein slik kandidat. Eg er ikkje i tvil om at det vil betale seg på sikt.

Det same gjeld for Dammen-Hjelmeseth. Han har etter over 4 år i Herøy kommune opparbeidd seg kompetanse og erfaring som det vil vere vanskeleg å erstatte på kort sikt. Difor er eg villig til å strekkje meg langt for å behalde denne kompetansen.

Eg vil også understreke at avtalane vart inngått i ein situasjon der kommunen stod i fare for å misse tre av fire kommunalsjefar. Avtalane vart inngått for rekruttere/behalde kritisk kompetanse. Det er mitt ansvar å syte for at kommunen har rette personane og rett kompetanse på plass slik at kommunen kan yte forsvarlege tenester.  Kommunen kan etter mitt syn ikkje sette seg i ein situasjon der ein kan risikere å stå utan toppleiing med nødvendig kompetanse og erfaring.

Kampen  om arbeidskrafta opplever ein på mange kompetanseområde, og det er meir regelen enn unntaket at ein må strekkje seg langt for å rekruttere/behalde personell. Dette er kommunestyret godt kjend med frå andre saker der rekruttere/behalde nøkkelpersonell har vore tema.

For at kommunen skal kunne vere ein attraktiv arbeidsgjevar, er vi avhengig av at alle, politisk og administrativt, gjere det ein kan for at kommunen skal ha eit godt omdøme.

Oreintering i kommunestyre 31.01.2019

Med  helsing
Olaus-Jon Kopperstad

Rådmann i Herøy kommune