Øvre Eiker kommune kjem til kommunestyremøtet

Klikk for stort bilete

Herøy kommune har invitert innkjøpsansvarleg i Øvre Eiker kommune, Kristina H. Bauhr, til å orientere om anskaffelsstrategien som Øvre Eiker kommune har utarbeidd.

Orienteringa er lagt til starten av kommunestyremøtet torsdag 29. august, kl 16.30.

Denne strategien legg føringar for kommunen sitt innkjøpsarbeid i perioden 2018-2021.

I orienteringa til kommunestyret vil ho fokusere på det dei ønsker å oppnå med strategien, og spesielt korleis dei har løyst tiltaka knytt til eit av delmåla som er kalla: “Anskaffelser skal bidra positivt til lokalt næringsliv”.