På uvant oppdrag

Klikk for stort bileteTrond Vikene (til venstre) og Sigvald Smådal etter redningsaksjonen. Beate Myklebust Det er ikkje kvar dag Herøy brann- og redning får eit slikt oppdrag, men 1. januar måtte dei rykke ut til ein bustad på Bergshaugen for å redde ei 1 år gamal kattugle.

Redningsoperasjonen gjekk veldig bra, takka vere god oppfinnsamheit for å få ugla ut av pipa klarte vaktlaget det ved å bruke eit armeringsjern som ugla greip tak i på veg opp.

Handterte det rett!

Dei fekk klekkeleg med skryt for handteringa frå orientolog, Alv Ottar Folkestad.

Alv Ottar Folkestad tok med seg ugla og den fekk dermed kvile seg eit døgn før den vart merka og sett fri i same område som den heldt til i.

Klikk for stort bileteKattugla som vart redda frå pipa i bustaden på Bergshaugen. Beate Myklebust Ugle i pipa gir "ugler i mosen"

Ugla hadde ikkje teke skade av pipeturen, men sidan ugler ikkje lærer av sine feil, kan den finne på å flyge tilbake og sette seg fast på nytt. Derfor er lærdomen, at om du først har hatt ugle i pipa, må du feste på hønsenetting over piperøret så den ikkje gjer same feilen igjen. 

- Den liker piper fordi der er trangt, og ofte kjem der ein varm luftstraum. Då trur den at det er ein fin stad å vere. Denne gongen laga den heldigvis så mykje bråk at det var vanskeleg å unngå å høyre at den var der, seier beredskapsleiar i Herøy brann og redning, Rolf-Henning Skrede Hide.

- Det var eit oppdrag som heldigvis enda godt, avsluttar han.