Pakkeforløp psykisk helse og rus

Klikk for stort bileteDet skal innførast eit nasjonalt pakkeforløp for psykisk helse og rus. Førebuingane i Herøy kommune er i gang, og nyleg vart ein fagdag om temaet holdt. Arrangørar av fagdagen: Seksjonsleiar psykisk helse, Svanhild Rise, og kommuneoverlege Torill Myklebust til høgre.

 

Frå 1. januar 2019 skal vi innføre «Pakkeforløp for Psykisk helse og rus» i Herøy kommune, og no førebur dei tilsette seg gjennom fagdagar om temaet.  

Det er Helsedirektoratet som har fått i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å utarbeide pakkeforløpet, og starte det opp i kommunane i Noreg. Dette krev endring i samhandlingsrutiner både innad i kommunen og spesialisthelsetenesta, og difor er førebuingane i Herøy i gang.

Kvifor eit nasjonalt pakkeforløp?

Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Du skal få meir innflytelse på behandlinga, og den skal bli evaluert systematisk undervegs.

Pakkeforløpet skal bidra til å sette god praksis i system, men der følger ikkje med nye rettigheiter eller plikter.  Målet er å stadig forbetre behandlingstilbodet på psykisk helse og rus og redusere uønska variasjon av tilbodet i landet, slik at alle får så god og effektiv behandling som mulig.

Meir informasjon om pakkeforløpet:

Les meir om det nye pakkeforløpet for psykisk helse og rus: https://helsenorge.no/psykisk-helse/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus/hva-er-pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus

Her kan også lese meir om temaet: https://helsedirektoratet.no/folkehelse/psykisk-helse-og-rus/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus