Planen klar for neste vekes vaksinering

Klikk for stort bileteFrå venstre: Karina Helde Kvalsund (hovudtillitsvald NSF og sjukepleiar ved seksjon blå), Siv Jensen (leiar i pleie og omsorg), Kari-Janne Ljones Kulø (vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar), Bjørn Martin Aasen (kommuneoverlege).Dyktige tilsette i Herøy kommune gjennomførte vaksinasjon av sjukeheimsbebuarane onsdag, 6. januar. No er dei klare for neste vekes leveranse. 

35 doseringsglas vart til 42 førstegongsdosar for nettopp 42 sjukeheimsbebuarar. Neste og siste dose får dei 42 bebuarane om tre veker.

-    Alt gjekk etter forventningane og det var ein god start for alle involverte, seier vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar, Kari-Janne Ljones Kulø.

Om biverknader

Pasientane vart nøye overvaka av helsepersonell etter vaksineringa, og det er ikkje meldt om nokon form for alvorlege biverknader av dei som fekk vaksinen. 
-    Pasientane kan oppleve lokale smerter på injeksjonsstaden, feber, frysingar og sjukdomsfølelse. Det kan kome etter 1-2 dagar og vare tilsvarande lenge. Dette er svært vanlege verknader etter vaksinering, og er eit teikn på at kroppen sitt «forsvar» reagerer på vaksinen og bygg opp motstandskraft, forklarar kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen. Ein svært sjeldan biverknad er allergisk reaksjon kort tid etter injeksjonen. Dette kan skje i etterkant av all vaksinering, som ved vanleg influensavaksine. Difor har ein alltid beredskap på vaksinasjonsstaden med kompetent personell og medisin for å handtere desse sjeldne biverknadane.

20 dosar neste veke

Ny leveranse kjem neste veke (veke 2) med 20 nye dosar. Akkurat kva dag vaksinane kjem til Herøy, veit vi ikkje. Derfor kan vi ikkje seie sikkert kva dag som vert vaksinasjonsdag i veke 2. Vi held fram vaksineringa ved sjukeheimane i Herøy kommune. Det omfattar også dei som bur i heildøgns omsorgsbustad. I veke to startar vi også vaksinering av helsepersonell som har samfunnskritiske funksjonar. Vi startar med legar som har legevakt.

Klikk for stort bileteSiv Jensen og Randi Taklo med viktige førebuingar før vaksinasjonen kan starte.

Les deg opp om vaksinen her

Har du spørsmål om vaksinasjon? Då tilrår vi deg å besøke vår vaksinasjonsportal her for å få svar på det du lurer på.

Ikkje ver redd for å gå glipp av vaksinen!

Kven som skal få vaksine er bestemt av nasjonale styresmakter. Legar, kommuneoverlegar og kommunane generelt har ikkje mynde til å endre på denne rekkjefølga.

Vaksinering av ei aldersgruppe/risikogruppe vil gå føre seg over fleire veker. Etter at bebuarane på omsorgssentra er vaksinerte, følgjer dei eldste innbyggjarane, så går vi nedover i aldersgruppene. Personar mellom 18 - 65 år som har alvorleg tilleggsrisiko (bestemte diagnosar og pågåande behandlingar) vert vaksinert samstundes med dei mellom 65 - 74 år.

- Fastlegane melder til oss kven dette gjeld i god tid før, og vi kallar inn akkurat desse personane etter kvart som vi får tilsendt vaksine. Det er regjeringa som har fastsett denne prioriteringa og som vi er pålagd å følgje. Det ser heldigvis ut til at talet på vaksinar vi får til disposisjon vil kunne auke noko framover, seier kommuneoverlegen. 

Alle over 80 år blir kontakta på telefon etter kvart som vaksinane kjem. Skulle du vere så uheldig at du ikkje fekk med deg når dette går føre seg, vil du likevel kunne få vaksinen. 
-    Vi skal sikre at alle innbyggjarar får tilbod om vaksinen når det er deira tur så ingen skal uroe seg for det, understrekar kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Les også: