Praktisk informasjon ved koronavaksinasjon

Klikk for stort bileteVed denne inngangen skal du som har fått tildelt time for vaskinasjon møte.Har du eller nokon du er pårørande for, fått tildelt time for koronavaksinering? Då er det nok nyttig å vite at ein skal møte ved Herøy helsestasjon på Eggesbønes på oppgitt klokkeslett.

Helsestasjonen ligg i same bygg som Herøy legesenter, med inngang mot den nye delen. Du vert henta inn for namneregistrering når det er din tur. Det skjer ved inngangen til barn, familie og helse. Ei vakt med vest vil møte deg i døra og sleppe deg inn når det er din tur.

Klikk for stort bileteBarn, familie og helse.   - Det er avgrensa kor mange vi kan ta inn på same tid, og derfor bør ein ikkje møte lenge før tida. Alle må vente ei viss tid etter vaksinasjon. Helsepersonell vil vere der for å passe på at du har det bra heilt til du kan reise heim, seier vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar, Kari-Janne Ljones Kulø.

Om følgje ved vaksinasjon

Kanskje nokon har behov for følgje til vaksinasjonen. Grunna smittevern kan pårørande ikkje vere med inn på helsestasjonen, men kan vente i bilen medan vaksineringa går føre seg.

Om du vert sjuk før planlagt time, er det viktig at du tek kontakt med koronatelefonen på tlf. 469 06 458. Då får du tildelt ny time så snart som råd

Gratis og tildeling av time

Vi minner om at koronavaksinen er gratis og at du får beskjed om å booke time når det er din tur. Tid for vaksinasjon vel du sjølv når du får SMS frå oss, men for å få SMS må du registrere deg.

Alle frå 18 år og oppover kan registrere seg for å førebu vaksinasjon. Det gjer du her.

Om du er pårørande til nokon som treng hjelp til registrering, kan du gjerne registrere for dei.