COVID-19- forskrifta, §13, regulerer samlingar med inntil 200 personar på offentleg stad. Slike arrangement på offentleg stad, er t.d. gravferder, bryllaup, konfirmasjonar, selskap osv.
I privat samanheng er det tilrådd at inntil 20 personar kan samlast, dersom avstandkravet på minst éin meter kan haldast.
Regjeringa har fastsett detaljerte reglar for samlingar inntil 200 personar her.
Folkehelseinstituttet har laga eigne reglar og råd for arrangement, aktivitetar og samlingar.
Lurer du på noko? Sjå spørsmål og svar om arrangement.
Praktiske presiseringar:
Det er mange praktiske spørsmål som melder seg når slike arrangement skal gjennomførast.
Det er difor laga nokre lokale presiseringar som kan vere til nytte for arrangørar slik at godt smittevern kan ivaretakast:
- Arrangementet skal vere på offentlege stad. Det betyr rådhus, kultur- og grendahus, konserthus, kino, kyrkjer, bedehus, hotell, forsamlingslokaler, skular, offentlege uteplassar osv.
- Det skal vere ein namngjeven ansvarleg arrangør.
- Det skal vere skriftleg oversyn over kven som har vore til stades på arrangementet, og dette skal vere tilgjengeleg i inntil 10 dagar. Dette fordi smitte skal kunne sporast dersom det oppstår smitte mellom dei som var til stades. Arrangøren er ansvarleg for det.
- Dei som er arrangørar vert ikkje rekna inn i talet på deltakarar.
- Det skal vere 1 meter avstand mellom deltakarane. Dei som tilhøyrer same hustand/bur saman kan sitte saman.
- Er arrangementet inne skal lokalet reingjerast før og etter bruk. Det skal leggast vekt på godt overflatereinhald og godt og hyppig reinhald av toalett for å unngå kontaktsmitte.
- Personar med forkjølingssymptom/luftvegsinfeksjonar skal ikkje delta. Du skal ha vore frisk i minst eit døgn etter førkjøling/luftvegsinfeksjon før du kan delta. Arrangør er ansvarleg for dette.
- Alle som deltek skal utføre god handvask/evtl spritvask før dei går inn i lokalet/på området, og når dei forlet lokalet/området.
- Det er frå 15.07.20 tillete med servering av mat frå buffet. Det er viktig at dei som deltek har god handhygiene, og det vert tilrådd god tilgang på spritvask av hender både før og etter ein forsyner seg frå buffet. Pølser/mår/burger osv kan selgast når ei person lagar til og serverer. Sennep, ketchupflasker osv. bør fortsatt ikkje stå framme, men handterast av den som serverer.
- Kaffikanner/vannkaraflar/salt/peppar osv bør fortsatt ikkje sirkulere på borda. Kaffe bør serverast frå ei kanne av ein person pr kanne.
- Ved salg/innsamling bør det ikkje nyttast kontantar, kun VIPPS eller anna kontantfri betaling. Det skal ikkje sendast rundt loddbøker. Berre ein person kan skrive i ei bok.
Dersom desse reglane vert følgde sikrar dei godt smittevern for alle som deltek.