Presiseringar: Om utbrot av mutert virus i Nordre-Follo

Pixabay Regjeringa har frå 24.01.21 innført særskilde reglar for Oslo og 24 kommunar i samband med påvist utbrot av covid-19 med den engelske varianten av viruset.

Helsedirektorat har no kome med presisering av korleis andre kommunar bør forholde seg:

Følgjande gjeld:

  • Personar som har vore på reise i desse områda skal forholde seg som tidlegare.
  • Helsepersonell som kjem frå Nordre-Follo skal i karantene og følgjast opp med testing.

Våre lokale råd i tillegg er:

  • Vurder om reisa er nødvendig.
  • Når du reiser til og frå desse områda, ver ekstra nøyen med godt smittevern, hald avstand og ha god handhygiene.
  • Vi testar deg gjerne om du er usikker på om du har vore utsett for smitte eller om du berre har svake symptom.

Dei 25 kommunane som det er innført særskilde reglar for, er:

  • Enebakk
  • Frogn
  • Indre Østfold
  • Moss
  • Nesodden
  • Nordre Follo
  • Oslo
  • Vestby
  • Våler
  • Ås
  • Aurskog-Høland
  • Marker
  • Rakkestad
  • Skiptvet
  • Lunner
  • Nittedal
  • Lillestrøm
  • Lørenskog
  • Rælingen
  • Bærum
  • Asker
  • Drammen
  • Lier
  • Råde
  • Horten