Prioritering av kommunal brøyting

brøyting - Klikk for stort bilete

Vinteren er på veg og kanskje vert det snø og glatt. 

Alle vegar kan ikkje brøytast på same tid. Det er difor sett opp følgjande prioriteringsliste for kommunal brøyting.

Prioriteringsliste:

1. Kommunale vegar.
2. Gangvegar langs kommuneveg og fylkesveg.
3. Haldeplassar / snuplassar m.v. for kollektivtransport.
4. Vegar og plassar i tilknyting til offentlege helsesenter, legesenter,
    aldersheimar og sjukeheimar.
5. Offentlege kaier og andre plassar som er opne for allmenn ferdsel.
6. Vegar og plassar i tilknyting til skular og barnehagar.
7. Private vegar med brøyteavtale med kommunen.

Anna:

Rydding av fortau i sentrum er huseigar sitt ansvar

Brøyting av gang og sykkelveg langs fylkesveg  og fylkesvegar er Statens vegvesen sitt ansvar (tlf. 175)

Rydding av parkeringsplassane ved  gravplassane er kyrkja sitt ansvar (tlf. 70080260)

Normalt vil ikkje brøyting bli sett i verk før det har kome 10-15 cm snø.