Pris til Herøy ungdomsråd

Thomas Sporsheim Møre og Romsdal fylkeskommune sin pris for årets ungdomsråd 2021 vart i dag tildelt Herøy ungdomsråd. Det var ein stolt gjeng som stilte seg opp saman med ordførar Bjørn Prytz i sommarsola i samband med fylkestinget.

Herøy ungdomsråd får prisen fordi kommunen har utmerka seg ved å legge til rette for medverknad frå ungdom. Det har blitt skapt gode møtestadar for ungdom. Det har blitt lagt til rette for eit allsidig fritidstilbod for ungdom og elles har det blitt gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen. Ungdomspanelet i Møre og Romsdal representert ved leiar Erica Ruiz Solhjem og Møre og Romsdal sin fylkesordførar Tove-Lise Torve stod for overrekkinga.

- I dag har vi hatt lunsj med nydelige Herøy Ungdomsråd. Dei har fått prisen årets ungdomsråd for sitt fantastiske arbeid med blant anna UFO - ungdomsfritidsordning! Den blei overrekt på sjølvaste fylkestinget. Vi ønsker ungdomsrådet lykke til med det vidare arbeidet for og av ungdom i Herøy kommune, seier Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Mona Ryssevik