Prosjektbygg AS er tildelt kontrakt for fleirbrukshall ved Einedalen skule

Klikk for stort bilete

Prosjektbygg AS er tildelt kontrakt for bygging av fleirbrukshall ved Einedalen skule. Det vedtok plan- og byggenemnda i møte 07.01.2018. 

Prosjektbygg AS sitt forslag til fleirbrukshall inneber at det vert etablert ein fleirbrukshall ved SFO, med inngang via eit overbygd uteareal. Fleirbrukshallen får ei speleflate på 25 x 45 m som kan delast inn i tre soner med tilhøyrande tribuneanlegg, garderober, treningsrom og lagerfunksjonalitet. 

Prosjektbygg har lagt vekt på arkitekturen til eksisterande skulebygg og har vidareført materialbruk og fargeval til å gjelde også for fleirbrukshallen. Fleirbrukshallen vert såleis oppført i betong. 

Prosjektets vidare framdrift

Melding om tildeling av kontrakt er sendt til tilbydarane i anbodskonkurransen, og vi avventar no klagefristens utløp. Deretter skal prosjektet til idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning før sjølve byggearbeidet kan starte opp. Vi kjem attende med ein meir spesifikk framdriftsplan for prosjektet når kontrakt er signert.