Protesterer mot flytting av ambulant team

Helsepersonell gir støtte til ein person - Klikk for stort bilete«Dette er tilbod til personar som frå før slit, ein bør her vere varsam med store endringar», står det i brevet frå Herøy kommune. Adobe Stock

«Myrvåg er den mest sentrale staden for lokalisering av tilbod som skal dekke dei sju kommunane på søre Sunnmøre», skriv den fungerande ordføraren i Herøy i eit brev til Helse Møre og Romsdal.

Herøy kommune er i dag vertskommune for ambulant team i Myrvåg, ein del av tilbodet innan psykisk helse i Helse Møre og Romsdal. 

I eit brev til helseføretaket viser fungerande ordførar Bjarne Kvalsvik til medieoppslag om at leigeavtalen i Myrvåg er oppsagd. 

«Det undrar oss storleg at vi som vertskommune for mest 30 tilsette no får lese om dette i lokalavisene. Vi forventar at Helse Møre og Romsdal held oss orienterte og tek oss med på råd når slike drastiske avgjersler skal takast», heiter det i brevet. 

Vil legge til rette

I brevet blir det vist til at Herøy har få statlege arbeidsplassar. 

«Vi vil strekke oss langt for å behalde og tilrettelegge for vidare drift i vår kommune. Myrvåg er den mest sentrale staden for lokalisering av tilbod som skal dekke dei sju kommunane på søre Sunnmøre», skriv den fungerande ordføraren. 

«Vi har vore kjende med at det har vore planar om å flytte ambulant team til eige bygg ved Volda sjukehus og samlokalisere det med DPS døgnpost. Herøy kommune har seinare fått signal om at det på grunn av økonomi ikkje var midlar til å gjennomføre dei bygningsmessige endingar som var naudsynte for å gjennomføre flyttinga. Og at ei slik flytting ikkje ville finne stad», står det i brevet. 

18. januar deltek den fungerande ordføraren på ei markering i Myrvåg mot flytteplanane. 

Vere varsam

«Å ha basestasjon for dei tilsette som utfører flest heimebesøk i Myrvåg, ville etter vårt syn vore det mest effektive og rasjonelle måten å nytte resursane på, også med tanke på at dei fleste er busett i ytre del av regionen», heiter det i brevet. 

Den fungerande ordføraren skriv i brevet at det er viktig at kommunane som vert råka er delaktige i slike inngripande prosessar. 

«Dette er tilbod til personar som frå før slit, ein bør her vere varsam med store endringar. Ved anskaffing av eventuelt nye lokalitetar forventar vi opne tilbodsprosessar der også reisetid er med i vurderingane», står det i brevet.