- Publikum var veldig nøgde

Fredag 19.november arrangerte Herøy kulturskule årets Julemix på Herøy kulturhus.

Med 20 innslag og mange elevar som var på scena, var det ei veldig kjekk og koseleg stund. Med næraste familie i salen som publikum, var det nok spanande for fleire som skulle opptre for første gong. Lærarane var også litt spent på korleis eleven ville takla dette. Ville dei hugse det dei har lært i haust?

- Dette gjekk veldig bra, og songlærar Birgitte losa oss trygt gjennom heile programmet. Publikum var veldig nøgde og gjekk heim med ei god oppleving ein fredagskveld, seier Rune Paulsen som er rektor på kulturskulen.

Her er videoen som Herøy kulturskule har laga.


Stor takk til alle elevane som var med og stor takk til Birgitte, Håvard, Nasko, Tone, Knut Vegar, Aina og Are.