Råd til russen

Klikk for stort bileteRusseferinga i 2021 vert på linje med 2020, nemleg annleis. Foto av: Michael Erhardsson/Mostphotos Det vert ei annleis russetid i år også. Passar du på smittevernet og unngår smitte, kan russetida likevel bli mykje kjekkare enn om du og gjengen blir ramma av eit smitteutbrot.

Her er nokre råd for ei fin russetid:

  • Ver faste personar som held saman i ei gruppe, til dømes 5-6 personar.
  • Del på ansvaret. Peik ut ein person i gruppa har ansvaret for passe på smittevernet i gruppa kvar dag. La det ansvaret gå på rundgang.
  • Pass på kvarandre slik alle i gruppa er trygge og har det bra.
  • Treff de kvarandre ute kan ein vere opp til 20 personar om du og venene dine held avstand på 1 meter.
  • Dei som får symptom på forkjøling må trekke seg ut, og dei må teste seg.
  • Unngå dei store samlingane.

Herøy kommune stiller opp for russen:

All russ er velkomne til å teste seg på teststasjonane våre alle kvardagar. Heile gruppa kan gjerne bestille time ein kvardag. Då får både vi og du ei betre oversikt om der er smitte blant russen. Om de testar dykk fleire gonger så er det også fint.

Her kan du bestille time for testing.

- Ein smittefri russ er ein glad russ! Ei smittefri russetid er kjekkare å hugse tilbake på enn ei russetid spolert av eit smitteutbrot. Ta vare på kvarandre, helsar ordførar i Herøy kommune, Bjørn Prytz.

Les også gjerne russeråda frå FHI her.