Redusert kapasitet 16. mai

Måndag 16. mai vert det redusert kapasitet i serviceavdelinga ved Herøy rådhus. 

Det betyr at det kan ta litt lenger tid å kome igjennom på telefon til sentralbordet om mange ringer samstundes. 

Dersom du leitar etter ein særskild person, kan du finne telefonnummeret ved å søke på heimesida.

Om du ikkje får svar ved første forsøk når du ringer oss, ber vi om at du er litt tolmodig og prøver igjen.

Vi ønskjer alle ei fin 17. mai-feiring!